Ouça sem anúncios

Kraftkrise i fylket - hindrar utviklinga i næringslivet

Frampå - podcast frå Møre og Romsdal fylkeskommune

06-05-2024 • 29 min

NHO-direktør i Møre og Romsdal, Lene Trude Solheim, meiner kraftsituasjonen i fylket er med på å bremse utviklinga for næringslivet.

– Vi står i fare for å miste nyetableringar og utviding av eksisterande verksemder. Det er selskap i dag som ikkje får begynne på utbyggingar fordi det ikkje er nok tilgang på kraft, seier Solheim i podkasten Frampå.


Administrerande direktør Erik Espeseth i Tafjord Kraft-konsernet, tar til ordet for vindkraft på land som løysing på problemet.

– Det er det einaste som kan gi eit vesentleg bidrag for å løyse kraftfloken på ein kosteffektiv måte. Vindkraft er den rimelegaste krafta du kan bygge i dag med litt skala. Og ser vi på fylket, er det rikeleg med plassar der det går an å bygge vindkraft på land, seier Espeseth i podkasten.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.